Gravrøys Fk 2/1 er omlag 7 meter i diameter, og 0,5 meter høg. Ho er bygd av kantstein, og verkar mykje omrota. Mot aust synes fast berg på siden. Ikkje kjent funn frå røysa. Gravrøys Fk 2/2 ligg tett søraust for Fk 2/1. Ho er 10 x 5 meter, orientert nordvest-søraust, og låg. Røysa har kanskje vore rund, då mykje stein er tatt til fyll. Utkasta. Bygd av kantstein. Begge røysane er så overgrodd av det ikkje var råd å skille dei frå kvarandre. Nesten umogleg å finne dei att. På toppen av knausen dei ligg på, ligg det ein støypt brønn, samt at det har vore grave ein del her. 
Ved arkeologisk registrering utført 07.03.2017 vart Fk. 2/1 avkrefta, og Fk. 2/2 vart kartfesta på nytt.