Kjørkebakkan

Husmannsplass som var busett ca. 1840 - 1890. Her ligg tuft etter setehus, uthus og noko som kan ha vore ein jordeplekjellar. Fyrst budde her ein familie ca. 1840 - 1860. Det var Hågen Torkelsson Ytre Øydna (1813-1879) g.m. Berte Torkelsdotter Vrålstad (1823-?). Dei hadde åtte born: 1) Tarjer (1847-1900), ug., til Grømstadkanten. 2) Johana (1848-1879), ug., til Eide. 3) Ingeborg (1850-1915), g. i Eide. 4) Anna (1852-1933), g. til Iveland i Konsmo. 5) Tørbor (1854-?). 6) Tomine (1857-1900), ug., til Grømstadkanten. 7) Torkel (1860-?), til USA. 8) Ola Tobias (1864-?). Så budde her ein annan familie ca. 1860 - 1890. Det var Torkel Abrahamsson Sunde (1847-1883) g.m. Rakel Bergtorsdotter Nepstad (1837-1897). Dei hadde fem born: 1) Nicoline (1864-?) som eigentleg var Rakes dotter frå tidlegare, g. i Birkenes. 2) Siri (1871-1953), g. på Strai i Oddernes. 3) Ingeborg (1873-1918), g. i Kristiansand, kom seinare til Nepstad i Konsmo. 4) Anna (1877-1882). 5) Abraham (1883-1906), ug., til Utsogn i Greipstad.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/241699
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1038603&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.337W, 58.289S, 7.339E, 58.290N); Lyngdal