Ved foten av fjell,opp ei ca 60 m lang skråning frå flat kulturbeite ved vatnet i NV, ein heller, delvis godt synleg. N-S orientert fjellvegg heller ut ca 30 grader og danner Ø-vegg. Lengde ca 8-10 m. I S, V og N ligg stein, mest flat, og markerer kor veggene/murane har vore. V-mur ligg ca 2 m frå foten av fjellet og er ca 2-2,5 m br, ca 0,1-0,2 m h. I N og S kortveggen, br. ca 1 m, h. ca 0,2-0,5 m. Murane er delvis graskledde. Helleren har jordlag i botn. Sauer nyttar staden til livd. S for helleren er ei lita ur med store steinar. I helleren er av I.K. Grude funne leikarstykk, br. bein, flint og stykk av skiferbryne ca 1905, S5397. I brev av 8.8.1944 nevner dr. Arne Nielsen at han ved roting har funne eit par flintbiter. Prøvestikk v/E. H. Hofseth (Hofseth 1982. reg. nr. 182) resulterte i funne av et brent bein og tre flintavslag (S10622).