Dette var kan hende ei strekning av Setesdalsvegen som rideveg (alternativ omveg av Fjellmannsvegen når folk ikkje ville bli rodd mellom Kile og Fennefoss). Iallfall blei det planert noko på denne strekninga, særleg frå Krokstemonen på Moi nordaustover ned til Hannåsbekken der det ligg brukar, og dessutan blei det planert noko like før utlaupsosen av Gullringtjønna. Resultatet blei ein skarve sledeveg, men ikkje så samanhengande planert at han kunne reknast som køyreveg (kjerreveg). Nå ligg han attgrodd av lyng og skog og er vanskeleg å få auge på. Fleire stader finst det ingenting å sjå, og folk har berre gått eller køyrt med hest og slede over snaue berg. Vegen gjekk or bruk i 1841. Kjelde: Registreringane til Evje og Hornnes sogelag ved Oddmund Mogstad.