Her var husmannsplass. Her er ein stor og tydeleg grasvoll med rydningsrøyser i skogbotnen under vaksne tre. I Paal Sveinall: "Øyslebø" band I, s. 148 er namna Heggland, Jenseløa (Brattåshola) og Råbulaget blanda i hop, ifølgje Birger Usland som er den beste kjelda for opplysningar om dette området. Der som ein i dag kallar Heggland, er der berre ein liten flekk med tidlegare grasvoll på nordvestsida av krysset. Der som ein kallar Jenseløa (som er ved enden av skogsbilvegen som kjem vestover frå Høye), finst der ingen merke etter nokon grasvoll. Brattåsen ligg endå lenger vest enn Jenseløa og på Finsdals grunn. Råbulaget, som er den einaste plassen med tydelege merke etter grasvoll og busetnad, ligg svært nære dei andre namna. Når folk har omtalt busetnad i forhold til dei andre namna, kan dei ha meint Råbulaget.