Fetts fk.nr.2/2-4 og nyreg.

Samlinga måler om lag 40 x 8 m, orientert NNO-SSV.

Røysa Fetts fk.nr. 2/2 er om lag 8 m i tverrmål og kring 1 m høg. Sentrum av røysa er noko tilgrodd med mose og grastorv, elles ligg steinar/blokker, 0,1-0,4 m store, i dagen. Steingarden som markerer bytet mellom 57/2 og 57/8 går tvers over røysa og likeeins over røysene Fetts fk.nr 2/3 og 2/4. Mykje av steinen som i dag synest, må vere rydningsstein som er innpåkasta. Røysa er tilvaksen med nokre småbusker og eit stort bjørketre. Røysa er uklårt markert men syner godt i lendet.

Om lag 1 m NV for røysa Fetts fk.nr. 2/2, er det ei oppmuring (mogeleg tuft) som strekkjer seg mot NNO. Den øvste steinen i det sørvestre hjørnet av oppmuringa er ein gropestein. Steinen måler om lag 0,7 x 0,8 m og er kring 15 cm tjukk. Han er jamn og flat, noko tilvaksen med lav og litt mose. Her er 21 sikre groper. Dei er 2-6 cm i tverrmål og 0,2-2,5 cm djupe.

Røysa Fetts fk.nr. 2/3 ligg om lag 9 m NNO for røysa Fetts fk.nr. 2/2. Røysa er om lag 7 m i tverrmål og kring 1 m høg. Røysa er noko tilvaksen med mose, men det meste av steinane/blokkene, 0,1-0,5 m store, ligg i dagen. Nokre blokker, opptil 1,1 x 0,7 m store, ligg innpåkasta i sentrum. Det ligg elles nokre blokker som er over 1 m store langs kantane i SV, V, NV og NO. Nokre bjørketre står i NO og O. Det veks elles litt småkratt på røysa. Ho er uklårt markert men syner godt i lendet.

Røysa Fetts fk.nr. 2/4 ligg om lag 8 m NNO for røysa Fetts fk.nr. 2/3. Røysa er om lag 8 m i tverrmål og kring 1 m høg. Røysa er mest heilt dekt av grastorv, men nokre steinar/blokker, 0,1-0,5 m store, er synlege. Eit om lag 2,5 m vidt søkk ligg sentralt i røysa. Søkket er om lag 0,2 m djupt. Noko stein er innpåkasta. Røysa er uklårt markert, men syner godt i lendet.

Skålgropstein: Den øvste steinen i det sørvestre hjørnet av oppmuringa er ein gropestein. Steinen måler om lag 0,7 x 0,8 m og er kring 15 cm tjukk. Han er jamn og flat, noko tilvaksen med lav og litt mose. Her er 21 sikre groper. Dei er 2-6 cm i tverrmål og 0,2-2,5 cm djupe.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/66411
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=174989&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Universitetsmuseet i Bergen
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.497W, 61.421S, 7.497E, 61.422N); Luster