Dyrkingsflate Frøysa

Lokaliteten ligg sørvest for det gamle klyngetunet på Frøysa. Den ligg ca. 13 meter sør for Bygdaelva på gbnr. 71/9. i nærleiken av ein traktorveg som følgjer elva. Området består av slåtte/beitemark som vert brattare mot sør. I nord ender marka i ei slak flate. Dette området vert kalla Øyane og det er her funnområdet ligg. Området har to fasar av dyrkingsspor. Under dyrkingslaga ligg det båe elveavsetningar, men også torvhaldige lag med trerøtter. Dyrkingslaga er ikkje å sjå mot nord. Avgrensinga mot sør er ikkje stadfesta, då det berre vart grove i ein trase. Dyrkingslaga ligg like under matjord, og det er ikkje teikn på at desse laga har vorte fløymde over av elva. Det øvste dyrkingslaget består av mørkebrun humushaldig sand spetta av raudbrun sand og småstein og er datert til nyare tid. Dyrkingslag nr 2 er lik, men er meir siltig og gråleg i fargen og er datert til mellomalder.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/243609
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1187397&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.960W, 62.036S, 6.960E, 62.036N); Stranda