Lokaliteten ligg på vel 57 m.o.h. inne på ei flate i foten av Dolvikfjellet, på gnr. 34, bnr. 8. Lokaliteten er definert av ein låg haug med steinlegging på toppen. Haugen ligg søraust for ein steingard som følgjer eigedomsgrensa. Terrenget er blautt og dekt med gras og lauvskog. Området er nå brukt som beitemark. Lokaliteten er om lag 47 m2. Haugen er ujamn i forma og den er knapt 5 m i diameter og 40 cm høgt. Haugen var dekt med små lauvtre og nesten fullstendig tilgrodd med mose. Det er store steinblokkar søraust for haugen. Det blei manuelt grave ei lita sjakt frå topp til botn av haugen for å sjekke ut om dette er ei rydningsrøys eller noko anna. Det blei påvist ei om lag 60 cm breidd steinlegging laget av opptil 40 x 40 cm store steinar. Strukturen blei ikkje nærare undersøkt ut i frå dårlig tid. Den bør undersøkjast ved seinare høve, men ein kan ikkje sjå bort i frå at dette kan vera ei grav.