Lokaliteten som ligg på innmark sentralt på eigedomen gnr. 289, bnr. 3 på Espeland, er definert av tre funnførande sjakter (sjakt 13, 16 og 17). Det vart her registrert eit fleirfasa, fossilt dyrkingslag og ein struktur. Lokaliteten er avgrensa av funntomme sjakter i nord, vest og sør og av moderne inngrep i aust. Den fossile dyrkinga var synleg i sjakt 13, 16 og 17, og er dokumentert i sjakt 16 sør på lokaliteten. I nordvestleg del av sjakt 13 låg struktur 1 som var ein steinsatt struktur som låg mot botn eller under dyrkingslaget.
Tre trekolprøver vart teken ut av profilen i sjakt 16. VP1 vart teke mot botn av profilen i lag 6, som vart første lag over undergrunnen. Under graving var vurderinga at dette laget båe kunne vere dyrking eller naturleg myr. Då prøva vart vaska viste det seg at laget var myr, og denne prøva vart ikkje send til datering. VP2 av lag 3 (kompakt trekolhaldig lag av silt, sand og humus, frå 70 til 95 cm djupne) gav ei datering til 1116-1219 e. Kr / 1042-1108 e. Kr, mellomalder, og VP3 av lag 2 (lett og jamt trekolspetta, gråbrun humushaldig silt og sand, frå 20 til 70 cm djupne) gav ei datering til 329-435 e. Kr, romartid-folkevandringstid. Desse dateringane viser ei datering frå eldre jernalder over den yngre dateringa frå mellomalder. Då det ikkje er noko som tydar på naturlege eller menneskelege forstyrringar på staden har det her truleg skjedd feil under dokumentasjon eller andre prosessar knyt til sjølve dateringa.
Utgraving 2023:
Området ble gravd ut med en maskinell sjakt, og det ble undersøkt en dyrkningsprofil.