Feltet består av eit gardsanlegg med 1 hustuft(fjerna før 1986),1 rund gravrøys, 1 rund grop,(fjerna før 1986) gamal åker, minst 9 rydningsrøyser, åkerrein og steingjerder.(Alt dette fjerna før 1986) Dessuten eit tunanlegg med 4 tufter ordna kring ein open plass. Gardsanlegget ligg lengst mot NA, øvst oppe ca midt i anlegget ligg: 1. Rektangulær hustuft. orientert ca N-S. Vekslande markert, mindre godt synleg i lendet. Delvis graskledd. Ein god del stein syner i veggene som er så utrasa at dei går mest i eit. Br. ca 2 m?, h.0,2- 0,5 m. Overflata er nokså uryddig, kanskje spor etter omroting? > Golvet heller litt mot S. L. ca 13 m, br. ca 7 m. Fjerna før 1986. Ca 26 m SSA for 1: 2. Rundrøys. Klårt markert, mindre godt synleg i lendet. Delvis gras- og mosekledd. Ein klung og ein einer. Mykje stein syner, fjell stikk fram i S kant. Omrota, i midten syner eit samanrasa gravkammer. orientert ca N-S. Dekkhellene har styrta inn. Det ser ut til at veggene er mura av stein i fleire skift. L. ca 2,4 m, br. ca ca 0,6 m, målbar djupne ca 0,3 m. Spor etter fotkjede i A kant. D. ca 8 m, h. ca 0,75 m. På eit område omkring tufta 1 ca 125 x 60 m stort er det gamal åker med antydning til åkerrein mot SV der det også er eit utydelig og uryddig steingjerde eller ei samling rydningstein. I eller ved åkeren er det minst 9 rydningsrøyser. Dei er vekslande markert og syner lite i lendet. Ofte ligg dei på fjell eller mellom jordfaste steinar. Delvis graskledde og med ei vekslande mengd synleg stein. Ei røys er rund med d. ca 4 m og h. ca 0,3 m, ei anna er trekanta ca 6 m l., største br. ca4 m og h. 0,6 m, dei andre er avlange 3x2- 8x3 m i utstrekning og 0,25-0,7 m h. Fjerna før 1986 Ca 3 m ASA for NA hjørna av 1: 3. Rund grop. Klart markert, lite synleg. Graskledd. Ingen synlege steinar. I SA er ein ca 2 m br. og 0,3 m h. voll langs utsida. D.innvendes ca 3 m, djupne ca 0,3 m.Fjerna før 1986 Tunanlegget ligg i eit søkk med slakt SSV hellande grasbakkje mellom låge berg, ca 70 m SV for hustufta (1) på gardsanlegget. 1. rektangulær hustuft. Orientert NNA-SSV. Klårt markert, mindre godt synleg i lendet. Delvis graskledd, eit par einer. utrasa murar medmykje synleg stein, br. ca 2 m, h. ca 0,3 m. Golvet heller slakt mot SSV ende, der steinmur vantar. (Open gavl). L. ca 10 m, br. ca 6 m. Inntil ASA sida av 1 og parallellt med den: 2. Rektangulær hustuft. Orientert NNA-SSV. Klårt markert, mindre godt synleg. Delvis graskledd. Utrasa murar med mykje synleg stein br. ca 2m, h. ca 0,3 m. ASA langvegg er lite synleg, truleg er det teke stein frå den. Golvet heller slakt mot SSV der det er open gavl. L. ca 10 m, br. ca 6 m. Ca 5 m SA for 2:Rektangulær hustuft. Orienert A-V. Klårt markert, mindre godt synleg. delvis graskledd. utrasa murar med ein god del synleg stein, br. ca. 2 m, h. ca. 0,3 m. I NV hjørne står ein stein som heller ca. 22 grader mot N, h. ca. 1,2 m og grunnflate 0,5-0,45 m. I SV hjørne ligg ein stein nede , den har omlag samme mål som den reiste. Tufta ligg på tvert i S skråning. Langs S langvegg ligg det store steinar ytterst. Golvet heller slakt mot mot V der det er open gavl. L. ca. 9 m, br.ca. 5 m. Ca. 17 m SV for 3: 4 Rektangulær hustuft. Orientert N-S. Klart markert mindre godt synleg i lendet. delvis graskledd. Ein god del stein syner i veggene som er ca. 2 m br. og 0,3 m h.Nokså flatt golv. Open gavl mot N. L. ca. 10 m br. Ca 6 m. Frå V langvegg av 4: 5. Går et gardfar mot VSV ca. 32 mm herifra går eit gardfar mot VSV ca. 14 m til Skogkant og eit mot N ca, 45 m der det forsvinn i myr.