Med hjelp av små steinar står det skrive fleire initial. Dei største bokstavane er TEH (=Tallak Eivindsen Hegland eller Taddak Eivindsson Heggland) som må lesast sett frå nord. Søraust for TEH står det TOK (=Torjer Olsen Kvinen eller Torjer Olsson Med Kvinè) som må lesast sett frå sør. 5 m vestafor TOK står det OLE (=Ole Torjersen Kvinen eller Ola Torjersson Med Kvinè) som må lesast sett frå sør. 10 m vestafor OLE ligg det kan henda eit brudled på 7 steinar frå 1894. Nordaust for TEH står det IMO (=Ivar Mauritsen Ousdal eller Ivar Måvresson Ausdal) som må lesast sett frå vest. Nord for TEH står det kan henda SSO som må lesast frå nord. Nord for OSS står det TSH som må lesast frå nord. Vest for TSH står det KM som må lesast frå nord. Sørvest for KM står det kan henda IK som må lesast frå nord. Aust for TSH står det PL som må lesast frå aust. Endå lenger aust står det noko utydeleg og lenger aust IDH som må lesast frå aust.