Dyrkingsflate Sandnes gravlund

Lokaliteten ligg 3-4 meter aust for gjerdet til gravlunden. Dyrkingslaga var kun synleg i vestleg profil. Eit vassrøyr i tillegg til andre moderne inngrep har forstyrra lokaliteten båe mot nord, sør og aust. Det øvste dyrkingslaget består av gråbrun humushaldig sand med mykje småstein. Det måler først 10 cm når det vert synleg, men har totalt ei tjukne på 25-32 cm. Dette dyrkingslaget er datert til mellomalder (1160- 1264 Cal AD). Dyrkingslag nr 2 består av svartbrun siltig litt grovkorna sand og er meir kolhaldig enn laget over. Dyrkingslaget er 10-22 cm tjukt. Dette laget vart datert til yngre bronsealder (930-812 cal BC). Det er usikkert om dyrkingslaga strekkjer seg vidare mot gravlunden i vest.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/243767
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1139861&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.520W, 62.631S, 7.520E, 62.631N); Rauma