Stakketuft Alfheim

Om lag 350 meter NNV for SIMAS avfallshandteringsanlegg og om lag 150 meter vest for Festingedalsvegen ligg det ein sirkelforma grøft/struktur med diametermål på 11 meter.

Strukturen er omkrinsar av ei grøft. Grøfta er frå 0,3 – 1 meter djup og mellom 1-1,5 meter brei og fram står godt synleg i terrenget. Sirkelen som grøfta om sluttar ligg litt høgare enn omliggjande terreng, men ikkje mykje. Sirkelen fram står som ei delvis rydda lett kupert flate som ikkje inneheld synlege markeringar av stein.

Det er ikkje grava i strukturen eller metallsøka, så det er førebels usikkert om den inneheld trekol eller metallutslag.

Strukturen vart funne i laserdata, der den skil seg ut som ein tydeleg rund grøft.

Den ligg i utmark/furuskog. Det er ikkje gjort funn av andre tilsvarande strukturar i nærområde.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/268367
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2063482&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2020
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.300W, 61.170S, 7.300E, 61.170N); Sogndal