I samband med arkeologiske registreringar hausten 2017, vart det registrert ei lita avsviingsflate. Laget vart registrert i sjakt 2A og kan skildrast som eit feitt svartbrunt ganske kolhaldig lag, ca. 4-8 cm tjukt. Laget vart avgrensa til. 11 x 5 m (ikkje medrekna sikringsona) på bakgrunn av negative prøvestikk og berg mot nord og sør, samt av profilen i sjakta mot vest og aust. Sjakta har ei djupn på 50-80 cm, og ligg i moderat hellande terreng, som heller frå aust mot vest. Laget er tolka som ei rest etter avsviing, som har samla seg i eit lite søkk i terrenget. Det vart ikkje funne andre spor etter tidleg aktivitet på eigedomen. Avsviingslaget vart C-14 datert til 4730 BP (+/- 30 år) eller 3635-3377 cal BC, altså til tidligneolitikum. Laget kan representere den første avsviinga av område før det vart nytta som beitemark.