Fetts fk.nr. 1 Geilekvia

Bergknausen med kleberbrotet måler kring 25 m NNV-SSO og er opptil 5,5 m høg. Det ser ut som det har vore brote kleber frå nordlege kant av bergknausen og kring 15 m sørover. Ved foten av nordlege del av kleberbrotet er der ei grop som er kring 7x4 m vid og minst 2,5 m djupare enn kanten framføre. Den nøyaktige djupna kan ikkje målast avdi det er kasta søppel nedi gropa. I nordlege kant av kleberbrotet står det att eit gryteemne som har eit tverrmål på kring 30 cm og er 20 cm høgt. Emnet står horisontalt og med botnen opp. Elles finst det ein del fordjupningar i berget som markerer kleberuttak. Bergknausen er no så tilvaksen med mose og lyng av det er noko vanskeleg å avgjera i kor stort område det har vore brote stein.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/45550
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=55467&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2005
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.590W, 61.890S, 6.590E, 61.890N); Stryn