Samlinga måler om lag 35 x 15 m, orientert ONO-VSV.
Røysa lengst mot NO er om lag 11 m i tverrmål og kring 1 m høg, målt i NV. Ho er dekt med grastorv og berre einskilde steinar/blokker, 0,2-0,6 m store, ligg synlege i kantane. Noko SV for midten er der eit om lag 3 x 3 m vidt og heilt grunt søkk. N for søkket stikk berget i dagen. På og ikring røysa veks nokre bjørketre og brakebusker. Røysa er relativt klårt markert og syner godt i lendet.
Om lag 12 m VSV for den nordaustlegaste røysa ligg ei anna røys. Denne måler om lag 11 m i tverrmål og er knapt 1 m høg. Røysa er heilt grasdekt, berre einskilde blokker stikk i dagen. I sentrum av røysa ligg mellom anna 4 blokker, alle om lag 1 x 1 m store. Det veks nokre bjørketre langs kantane på røysa. Ho er klårt markert og syner godt i lendet.Mellom røysene tykkjest det å liggja to parallelle steinsamlingar, orientert NV-SO. Måla er om lag 13 x 3 m og høgda knapt 0,5 m. Tolkinga av desse er uviss.