Fetts fk.nr. Fjellet P. - Hildersteinen

Hildersteinen dannar tak i ein heller som har opningen mot NV. Steinen er kring 15 x 15 m vid og 5,5 m høg på det høgaste. Overflata som skrår mot S, er ein del forvitra og mykje overgrodd med mose. Den vestlegaste delen av overflata dannar eit samanhangande parti som er om lag 10 x 10 m. Over dette partiet går det ein liten rygg i retninga NNV-SSO. Hovudtyngda av gropene på steinen ligg vestanfor denne ryggen. Heilt i NO innan dette partiet, ut mot kanten, ligg det ein mindre konsentrasjon av groper. Pga. den sterke torvveksten, vart ikkje gropene talde nøyaktig opp, men ved ØK-registreringa i 1970, vart det funne over 90 groper. Gropene er 3-16 cm i tvm. og 1,5-8 cm djupe.35 m N for det nordlegaste hjørnet på Hildersteinen, ligg ei 2 x 2 m vid og heller flat blokk ut på kanten mot ein liten bekk. Heilt i nordaustre kant av denne blokka, er det 2 groper med 40 cm mellomrom, 4 og 6 cm i tvm. og 1-2 cm djupe.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/45457
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=55038&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.331W, 61.424S, 7.331E, 61.425N); Luster