Indra Stushedlarlegå (Stushellerlega) II

Nedre heller var ein heller under steinblokk som kvilde på ei anna steinblokk, opptil 1 m høg, med livdemur i begge endar, inngang frå nordvest. Liggjeplass til to. Her blei ikkje funne kol. I fjellsida rundt 130 m lenger nordaust låg det ein øvre heller, opptil 0,7 m høg, med livdemur under steinblokk, inngang frå vest. Livdemuren var mura både mot vest og sør og vinkla i det sørvestre hjørnet av helleren. Nordvestre del av golvet, der helleren var opptil 1,3 m høg, til venstre for inngangen, var eldplassen, og kollaget gjekk 0,25 m nedover. I det sørvestre hjørnet av helleren blei det funne jern og flintavslag. Det er sannsynleg at det var driftelege både her og på nabolokaliteten vestafor i åra 1792-1908. Under vatn frå 1968.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/174983
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=134403&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2014
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.164W, 59.118S, 7.166E, 59.119N); Sirdal