Fra utgravningen: Det var planlagt å grave en sjakt ut fra Mannahidleren. Dette ble ikke gjort, hele området består av utplanerte masser med avfall. Det ble vurdert som så omrotet at en sjakt ikke ville gi noe informasjon av verdi. // Fra registreringen: Helleren er no utilgjengeleg då opninga er heilt samanrasa, men gjennom ein gang skal her ha vore mogeleg å ta seg inn i eit stort rom og herfrå skal det gå gangar i ymse leier. Den samanrasa opninga tykkjest å ha vore kring 7 m vid. Tilleggsopplysningar: Helleren vart også registrert av Knut Johan Nerhus i 1987 i samband med kleberbrotsregistreringane hans som lok. KJN-25. Han skriv då at det meste av helleren er samanrasa, men heilt i sør finst ein liten opning, eit lite krypinn, bak ein skog av brennenesle. Over denne opningen heng ei laus steinblokk. Innanfor opnar det seg eit ca. 20 x 20 m vidt rom. Takhøgda variere sterkt frå 1-2 m. Nokre digre bergflak har ramla ned frå taket. Nokre stader er det i ferd med å danna seg små 1 cm store dryppsteinar under taket. I følgje det som vert fortalt, er dette rommet berre å rekna for eit lite anneks til sjølve Mannahidleren, som er rasa saman i opninga. Over det største bergflaket og 10 m inn går det nemleg ein trong opning, nærast ein sprekk mellom fjellet og eit bergstykke. Fire alen innanfor denne opninga skal årstalet 1494 vera innhogge i berget.