Dyrkingslag i skog, Stenrud, Molde

Nordaust for Stenrud gbnr. 22/5 ligg eit område som i dag består av tett lauvskog. Dette vart tidlegare nytta som slåtte/beitemark, men har i dei seinare år vakse igjen. Nord for marka ligg Høgskulen i Molde, og dyrkingspora vart funne like aust for parkeringsplassen som ligg sør for høgskulen. I to prøvestikk vart det funne eit kolhaldig sandlag som er tolka til å vere eit dyrkingslag. Lokaliteten utgjer 40,72 m2. Datering viste at dette laget er frå førromersk jarnalder, 403-211 f.Kr. (2280 +/- 30 BP, Beta 479148).

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/231380
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=594482&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2017
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.110W, 62.736S, 7.111E, 62.736N); Molde