Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet 3 består av funna gjort i sjakt C samt dei positive prøvestikka GH9, MT3 og 4 som ligg sør for sjakt C og PS GH12 og MT 4 ligg NNA for sjakt C. Lokaliteten er topografisk knytt til den søraustlige, avgrensa av det aust/vest gåande dreneringsrøyret i nord. I sør er lokalitetsavgrensinga basert på det negative prøvestikket GH14-. I tillegg vert jordsmonnet skrinnare og meir berg stikk fram i dagen. Om ein ser på fordelinga av lausfunn i sjakt C ser ein at funnmengda og av tar dess lenger vest i sjakta ein kjem. Den austlige og sørlige avgrensinga er meir uklar. Mot aust må ein gå ut i frå at lokaliteten topografisk sett held seg til flata og ikkje strekkjer seg oppover hellinga. Det er naturligvis usikkert og burde nærare avklaras med fleire prøvestikk. Sørover må ein gå ut i frå at lokaliteten opphavlig har gått inn på naboeigedommen (212/18). Lokalitetsflata er berekna til å vere 738 m2. Tottalt 549 stenalderartefakter vart funne. Det er snakk om 390 avslag, 18 reiskapar, 13 råstoff/emner, 58 kjernefragment, 70 flekker og flekkefragment. Kvarts og kvartsitt dominerer råstoff-fordelinga. Flint, bergkrystall, grønstein, mylonitt, sandstein/skifer, asbest og om mulig oker er også representert. Av diagnostiske gjenstander så føreligg ein skiferkniv, skifermeisel, skiferspydspiss, ein lansettforma flateretusjert pilspiss, koniske kjerner og mikroflekker. Bruksfasen på lokaliteten kan med bakgrunn i dei diagnostiske gjenstandane plasseras frå seinmesolittikum til seinneolittikum. Funnførande lag (L2) er C14 datert til 5960 BP, som svarar til 4940-4730 f. Kr, (tidligneolitikum). I tillegg førekjem yngre innslag i gjenstandsmaterialet, som ei båtnagle samt ein del moderne gjenstandar. Det tyder på omroting av dei øvre stratigrafiske laga.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Funn av 549 steinalder artefaktar. Funna vert hovudsaklig gjort i L2, eit mørkt brunt trekolhaldig lag, med ein tjukkleik på 10-40 cm. L2 sin horisontale utbreiing er på omlag 30 m i A/V retning. Alle funna vart gjort i samband med opninga av ei søkesjakt (C).