Torselekå (Torselega eller Torsheilega) eller Torslegå (Torslega)

Her skal ha budd folk to gonger, etter segna. Den fyrste gongen budde her truleg ein som heitte Tor. Den andre gongen her var busetnad, var frå 1680-åra til 1696. Dei som budde her då, var Joen Biørnsen Egen (Jo Bjennsson Eikjen) ifylgje eit gamalt rettsdokument, og dessutan kona hans som heitte Guri Aanensdatter Nøckland (Guri Ånundsdotter Nøkland), og tre små born. Dei budde fyrst på garden Eikjen, men hadde så mykje gjeld at dei laut gå ifrå garden, og så busette dei seg som husmenn her i Nøklands driftehei til dess dei hadde tent seg opp nok til å ta garden på Eikjen tilbake på odel, seier segna. Kona var frå Ruste på Nøkland. Segna har spunne på seg fleire segner og vandresegner som må vera usanne, men hovudsaka i segna er rett om at her budde folk. Kjellarhol og grunnmurar syner ennå nedst på vollen. Så var her driftelege frå 1700-talet til 1920. Hjuringane (gjetarane) overnatta då i ei torvtekt steinbu øvst på vollen. Vollen er stor. Tidlegare voks der også gras oppetter fjellsida.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/109116
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=735440&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.164W, 58.634S, 7.166E, 58.636N); Hægebostad