Pilskog dyrkingslag

Eit fossilt dyrkingslag er påvist på flata som tidlegare har vore del av ait større jordbruksområde. I dag er flata regulert til bustad, men det er søkt oppført garasje på område. Dyrkingslaget er fragmentert, og ein kan tydeleg sjå moderne plogspor i grunnen i tillegg til eit par veiter. Dyrkingslaget ligg mellom den moderne matjorda og undegrunnen, og er kring 4 - 10 cm tjukt der det er best bevart, lengst mot nordvest i feltet.

Laget er påvist i 3 prøvestikk og i 2 sjakter, og ligg truleg over heile den attverande markflekken. Det er ikkje påvist andre strukturar på område. Det er teke ut 1 kullprøve frå laget for tidfesting.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/298458
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2825246&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.066W, 62.350S, 6.066E, 62.350N); Hareid