Tveiten - Fetts fk. 4

Bautasteinen, som vert kalla Tveithella, er 3,7 m høg, 1,4 m brei ved bakken, men noko avsmalnande mot toppen og jamtover kring 30 cm tjukk. Rett under toppen på den breisida som vender nedover mot vegen er det hogge inn: 1878 REIST. PÅNY. Under denne innskrifta er det vidare hogge inn 3 namn. Det var res.kap. Unger som fekk reist hella i 1878 med innskrifta og namnet på dei tre siste prestane. Segna gjekk den gong at hella hadde stått tidlegare og dersom dette er rett, er det grunn til å rekna med at hella verkeleg er ein bautastein.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/55191
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=61141&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2009
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.231W, 60.576S, 5.231E, 60.576N); Alver