Nordhus - Nausttuft, Naustvika

Beskrivelse fra lokalitet: I ei mindre vik nord for Langaneset vart det registrert ei nausttuft med godt synlege veggar/jordvollar. Tufta ligg ca fem m sør for dagens rullesteinsstrandstrand. Opp til 1 meter høge vollar. Indre mål 6 x 17 meter. Ytre mål 12 x 22 meter. Markerte vollar, bygd opp av stein, sand og jord. Lyng og grasgrodde vollar. Gras, mose og noko lyng inne i tufta. Opning mot stranda i nord. Det veks busker og krattskog på staden. Mot sundet i nordvest ligg tufta skjult av berg og voll. Bergskrent i aust. Prøvestikk (50x50 cm) i øvste enden av tufta: øvst 10 cm torv (1). Under torva var det 15 cm brunsvart humus (2). Så kom det eit 15 cm tjukt gråbrunt, trekolhaldig sand- og gruslag (3). Prøvemateriale til radiologisk datering vart teken ut frå lag 3. Nedst var det steril sand og grus (4). Det vart teke eit prøvestikk like utanfor tufta i sør. Dette synte trekolhaldig masse. Truleg aktivitet knytt til nausttufta. Rundt tufta veks det lauv- og furuskog. Svært regelmessig og fin tuft.

Beskrivelse fra Enkeltminne: Omlag 20 m lang nausttuft med godt synlege veggvollar.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/112152
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=97463&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.718W, 59.732S, 5.718E, 59.733N); Kvinnherad