Omtalast i opphavleg skildring (TopArk 052317) som to røyser, men teksten nemnar og tre andre røyser som er noko meir usikre.
Ca. 15 m NNV for flomålet i Dragvågen ligger røys 2. Ca. 140 m ØNØ fra hytte på neset innenfor Måseholmen. Ca. 630 m SSV for stuebygningen på gården.
Røysene ligger på åskammen som ligger langsetter Dragvågen. Åsryggen er orientert ØNØ-VSV. Tett mose- og lyngvegetasjon, en del bar- og lauvtrær. Utsikt mot Dragebukta og Fårøya i S. Utsikt mot lav bergrygg i nord.
Samlingen består av 2 røyser. Området er ca. 8x40 m stort og er orientert ØNØ-VSV.
Kontrollregistrert i 2026. To tydelege røyser ligg på kvar sin ende av ein avlang kolle. Mellom og aust for dei ligg nokre mindre og meir diffuse røyser. Kollen sluttar brått i vest, like vest for røys 2, mens mot aust fortsett høgda noko lågare. I nord skrår kollen bratt ned mot ein bekk og blaut myr. I sør skrår berget brått ned mot eit lite langsgåande søkk på ca. 2 meters breidd, før berget fell bratt ned i sjøen. Det er ingen synlege strukturar utanfor toppen av kollen. Det ligg nokre større steinar i skråninga sør for lokaliteten, korav 2 er tydelege flyttblokker. Det har nyleg vore hogd skog i området, og det går eit køyrespor langs ryggen og heilt inntil røysene. Dei er såvidt forstyrra i kanten, men det vil gro att greit.