Gropesteinen er helleforma og måler kring 1,75 x 1,20 m. Tjukna varierer frå 3-12 cm. Hella er på det næraste rektangelforma, men den eine kortsida har noko trekanta form og den andre kortsida er lett avrunda. Gropene ligg konsentrert mot den avrunda kortsida. Innan eit 0,7 x 0,7 m vidt område ligg det seks groper. Fem av desse er sirkelrunde mens ei er avlang. Tverrmålet på dei runde gropene varierer frå 2-5 cm, og dei er opptil 2 cm djupe. Den ovale gropa er kring 12 x 4,5 cm vid og 1,5 cm djup.I samband med ombygging av selet vil hella om mogeleg verta flytta på og lagt inn mot veggen.