Fjellskål - Fetts fk. 4

Lengst ute på knausen vantar det i dag steinar/blokker slik at røysa tek først til kring 1 m innafor kanten. Men nedanfor knausen i V ligg ein heil del steinar/blokker, truleg utkasta frå røysa slik at ho opphaveleg har lege heilt frampå. Den attliggjande delen av røysa er kring 8 x 12 m vid orientert N-S. Røysa er 0,3 - 0,5 m høg. Røysa er bygd av 20-60 cm store steinar/blokker. Dei fleste av desse er kanta og er for det meste tilgrodde med mose. I røysa ligg nokre helleforma blokker, knapt 1 m vide, og ei firkanta blokk, 225 x 40 x 30 cm stor. I røysa veks nokre få einebusker. Kring 50 m lenger mot NV ligg ein annan men ikkje så markert knaus. Oppå denne ligg eit lag med steinar/blokker, til dels overgrodde av mose og torv. Dette kan om mogeleg vera botnen av ei røys som kan ha lege på knausen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/35909
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=49350&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.441W, 60.566S, 5.442E, 60.567N); Osterøy