Lokalitet registrert ved maskinell sjakting i samband med Områdeplan Rosendal tettstad, på gbnr. 82/4. Staden er kalla "Siribakkane" lokalt. Lokaliteten består av to eldstader med tre meters mellomrom.
Eldstaden lengst vest (S57) er 60 cm i diameter, medan eldstaden i aust er 60 cm i aust-vest, og 35 cm i nord-sør. Begge eldstadane har mykje trekol i seg.
Det vart sendt inn trekolprøve frå den vestlegaste eldstaden, som resulterte i datering frå romertid, 1980 ±30 (Beta-nr.: 607664: 43 kal. BC-120 kal. AD).