Lokaliteten tolkast som ei dyrkingsflate med nokre spor etter eit busetjings og aktivitetsområde datert til yngre bronsealder (2450 +/- BP). Lokaliteten ligg nord for gardstunet på Monge og består av dyrka mark som vert nytta til kornproduksjon. Hovudtyngda av funna som vart gjort på marka var spor etter førhistorisk dyrking, i form av fleirfasa dyrkingslag og ardspor. Det vart mot aust funne nokre få strukturar i form av kokegroper og eldstader. Mot sør var dyrkingslaga bevart under tjukke homogene matjordslag, medan mot nord var mykje vekk-pløgd då matjordslaget her er tynnare. Det var spor etter overfløyming mot nord. Her vart det funne dyrkingslag på over ein meters djupne under blågrå sand. Lokaliteten er avgrensa mot vest av ei tidlegare undersøking som hadde negative sjakter. Mot nord vert den avgrensa av skogsområde og mot sør av E136.