Lok. 141 på E39 Stord-Os (Hordfast)
Lok 141 består av busetnadsspor frå steinalder. Lokaliteten ligger ca. 19-28 moh og dekk ca. 1400 m2.
Lokaliteten ligger i hagen til ei hytte. Hytta står ute på austleg ytterkant av ein terrasse i landskapet. Utanfor hytta i aust er det ein bratt skråning ned mot sjøen. Lokaliteten ligg på vestsida av hytta på ei slakt skråande flate som heller mot aust. Vest for flata stig terrenget bratt. Mot søraust og nordaust skrår den noko nedover. Det er blitt fjerna ein del tre og busker på flata. men ut over dette, framstår lokaliteten som lite forstyrra.
Lokaliteten består av 12 funnførande prøvestikk og til saman 287 funn. Midten av flata ligg det ein voll (OS.SSR.50) med ei fordjuping i midten (OS.SSR.51). det blei grove ei manuell sjakt gjennom denne for å avklare om den var moderne, naturleg eller ein del av steinalderaktiviteten.
Det er stadvis noko spor av kulturlagsmassar i prøvestikka. Massane består av silt og grushaldig sand, funna ligg på ei djupne på 16-72cm. Det er lite forstyrringar i massane og det er høgt sannsyn for at ein kan finna bevarte strukturar på flata.
Brorparten av materialet er i flint med mindre innslag av gjenstandar i bergkrytall, kvarts, kvartsitt, grønstein og mylonitt.
Av dei til saman 287 funna er 214 ordinære avslag,
Det blei mellom anna gjort funn av eit avslag av ein slipt gjenstand i grønstein avslaget er truleg av ei trinnøks, det blei også gjort funn av eit til fragment frå ei trinnøks, fragmentet stammer frå eggpartiet.
Det blei funne 8 flekker med retusj av desse var 2 smalflekker og ei makroflekke, det blei til saman gjort funn av 16 smalflekker, 2 makroflekker, 11 mikroflekker og 2 ryggflekker.
Ut over dette blei det mellom anna gjort funn av ein skjevtrekantmikrolitt, 2 bipolare kjernar, 2 endeskraparar på flekker, 4 stiklar og 2 borspissar.
Det blei datert to prøver frå lokaliteten. KP.OSJ.SSR.6.1 (6594 – 6462cal.f.kr) KP.SSR.409.1 (7729 - 7581cal.f.kr)