Tufta ligg i utmark på gnr. 31 bnr. 4, på toppen av ei kolle. Kolla er orientert aust-vest, og er flat på toppen, i nord, aust og søraust er det myr, og i sør er det registrert trekolframstillingsanlegg. I vest er det bratte skråningar ned mot E16 og parkeringsplass. Tufta er sirkulær i forma, med låge, utydelege voller, 10-30 cm høge og opp til 50 cm breie. Ytre mål på tufta er 4,25 meter aust-vest og omlag 4 meter nord-sør. Sondering med jordborr viste at det var spor av trekol på innsida av tufta, og prøvestikket RS1 viste eit 3 cm tjukt lag av silt som var sterkt trekolhaldig (lag 2). Prøvestikket RS2 vart grave rett nord-vest for RS1. Her såg vi og eit lag med innslag av trekol, men mykje mindre enn i RS1. Det er teke ut trekolprøveprøve frå lag 2 i RS1, som resulterte i datering til 770-880 kal e. Kr, vikingtid (281047VP2, beta-604837). Alle massar frå dei to prøvestikka vart sålda utan at dette resulterte i funn av gjenstandar. Ingen av dei fem prøvestikka på utsida av vollane viste spor av same trekollag som vart registrert på innsida, i RS1 og RS2. Rundt trekolgropa veks det lyng, spreitt bjørk og nokre einer. Gjennom tufta er det ei smal og svak forseinking, vurdert som eit dyretråkk. Det er om lag 15 meter ned til trekolframstillingsanlegg i sørleg retning. Kulturminnet er vurdert som ei tuft, og det er mogleg at denne har hatt ei funksjon knyt til trekolframstillingsanlegga rett sør for kolla.