Lokaliteten består av dyrkingsspor frå merovingartid og vikingtid, og ligg heilt i aust til søraustleg ende av den dyrka marka på gbnr. 86/2. Rett aust for lokaliteten går det ein veg, og mot nord er lokaliteten avgrensa av negativ sjakt (2). Sør og søraust er område utbygd. Lokaliteten er ikkje avgrensa mot sørvest, og det er høgst sannsynleg at dyrkingsspora held fram i denne retninga. Terrenget er tilnærma flatt.
Lokaliteten består av tofasadyrkingslag som er synleg i deler av sjakt 1. Dyrkingslaget ligg i sørvestleg del av sjakt og profil. Det vart ikkje observert i profil mot nordaust og heller ikkje i den nordaustlege halvdel av sjakta i plan under den maskinelle sjaktinga. Midt i sjakta går det eit vassrøyr. Røyret ligg heilt i austleg ende av dyrkingslaget. Truleg ligg sjakta heilt i utkanten av eit førhistorisk dyrkingsområdet og har fått med seg ein ytterkant av dyrkingslaget.
Det vart tatt ut to trekolprøver og begge vart sendt inn til datering. Prøva frå lag 5 (KP5) vart datert til vikingtid (773-896 cal AD) og prøva frå lag 6 (KP4) vart datert til merovingartid (534-611 cal AD).