Fugleberg - Steinbrot, Øvste Areskorshidlerane

Terrenget mellom Flåbekken og Kvitafjellet blir kalla for Areskorane. Her er det ikkje lett å ta seg fram. Skorene blir trongare og terrenget brattare alt fram mot Kvitafjellet. I ei av dei øvste skorene rett under sørenden av Kvitafjellet ligg to hellerar. Dette må vera dei to såkalla Øvste Areskorshidlerane. Avfallsmengdene ligg strødd 50 m nedover lia. Den sørlegaste av dei to hellerane er 20 m brei. Helleren er ikkje så djup, men det har vore arbeidt i 6 m høgd og i to etasjar. Ein bergnabb som dannar golv/tak er sett att midt oppe i helleren. Her er svært mange bogeformasjonar etter bakstehelleuttak. Under overhenget vidare mot sør er ein avfallsdunge og pikkemerka går i 40 meters lengd denne vegen. Den nordlegaste helleren ligg 25 m NO for den søre og i same høgd. Her er arbeidsspor over 30 m, men sjølve helleren (overhenget) er 10 m brei og 6 m djup. Inngangen er vanskeleg å sjå sidan den er løynd av eit stort bergstykke. Registrert som KJN-17.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/55162
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=61137&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2005
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.863W, 60.021S, 5.863E, 60.021N); Kvinnherad