Tufta ligg ca. 1 kilometer søraust for utløpet av heimsta Rausdalsvatn, aust for Mørkridsdalselva og 10 meter sør for Løndøla som kjem frå Harbardsbreen i nord. Terrenget er bratt og urete med bjørk og viervegetasjon. Forbi tufta går ein kløvveg frå Fossen og mot Arentzbu. Ytre mål er 3 X 4 meter nordaust-sørvest, indre mål 2 X 2 meter. Opning mot søraust i den eine langveggen. Den andre langveggen består av ei stor blokk. Veggane er murt opp av stein på omlag ½ meter. Vegghøgda er omlag ½ meter.