Uten navn

Beskrivelse fra lokalitet: Funnstad for gravfunn C32252. Sjå nærare opplysningar under enkeltminne. Lokaliteten er ikkje endeleg avgrensa.

Beskrivelse fra Enkeltminne: Funnstad for gravfunn C32252. Gravfunnet er frå eldre jarnalder. Det er opplysningar om tre små gravhaugar i dette området i innberetning ved Anne Stine Ingstad, Universitetets Oldsaksamling, datert 04.09.1978. Plasseringa av funnet er gjort ut frå opplysningar i innberetningar ved Anne Stalsberg Alsvik og Anne Stine Ingstad, i tillegg til ei kart sendt inn til Universitetets oldsaksamling i 1985 ved John Hemsing, rektor ved Forset-Auggedal skule.

Innberetning ved Anne Stalsberg Alsvik, Universitetets Oldsaksamling, datert 04.10.1968: Gravfunn C32252 vart funne i 1968 av tre gutar, Ronny Bårdseng, Jørn Modulf Solberg og Tom Kraabølslien, under graving i ei vegskråning. Gutane grov ei hole inn under torva i sandskråninga. Gjenstandane låg ca. 50 cm under markoverflata, og gjenstandane skal ha ligge utover ei flate på ca. 35 x 45 cm. Gjenstandane som vart innlevert til Oldsaksamlinga var: 1 spydspiss, 11 pilspissar, saks, krumkniv, nykkel, beltestein, del av skjoldhandtak, 2 kistehankar. Under Alsvik si ettergraving september 1968 vart det funne eit randbeslag til bøtte e.l. og brente beinbitar. Funnstaden låg på ei forhøyning i V-delen av ein åker, der det nyleg (i 1968) var grave ein kommunal veg til boligane. Det var ikkje spor etter jordhaug eller røys .

Innberetning ved Anne Stine Ingstad, Universitetets Oldsaksamling, datert 04.09.1978: Etterundersøking av funnstad for pilspiss ved funnstaden for C32252. Pilspissen var funne av ein liten gut, Rune Kronberget, under leik i ei bakkeskråning. Gutane frå 1968 kunne opplyse at jorda dei grov frå hola i sandskråninga, hadde dei kasta nedover bakkeskråningen. Den siste pilspissen låg ca. 1,5 meter frå der gravfunnet C32252 vart funne. Finnaren si mor, Jarbjørg Kronberget, kunne fortelje at da dei flytte til staden (for nokre år sidan i 1978), låg det tre små gravhaugar langs kanten av vegskjeringa. Ein av desse dekte den grava gutane i 1968 hadde grave seg inn i. Gravhaugane vart utjamna da staden vart bebygd. Ein av gutane frå 1968 opplyste at han tidlegare hadde funn ein pilspiss av same type som i gravfunnet, i eit rosebed på nedsida av vegen, ca. 10 meter V for der gravfunnet vart gjort.

Innberetning ved Inge Lindblom, Universitetets Oldsaksamling, datert 09.11.1983: Funn av lansespiss ved eldre funnstad. Lansespissen vart funne mellom boligen og garasjen på eigedomen til fru Kronberget i ei lita grøft under graving. Ho opplyste at jordmassa i dette området stamma frå nabohagen på den andre sida av vegen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/160817
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=131128&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Innlandet fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2012
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (10.140W, 61.202S, 10.140E, 61.202N); Gausdal