Dyrkingsområde 1

Dyrkingsområdet ligg i dag ei dyrkamark, 22-23 moh, i svakt hellande terreng ned mot Nerbøvågen i nord. Lokaliteten er lagt inn i Askeladden som rundt 240m2. Det er stort sannsyn at den held fram mot aust. Lokaliteten si avgrensing er sett sør for positivt prøvestikk TEN7, over sjakt 3 og til like nord for positivt prøvestikk TEN8. Det er gravd to kloakkgrøfter som har rota om laga og fjerna delar av laget i sjakt 3. Moderne landbruksaktivitet har også grepe inn i laget fleire plassar. Profilveggane i sjakt 3 viste ulike lagskiller. Det vart dokumentert fire profilar, kor det var to frå vestprofilen og to frå austprofilen, nummerert 1-4 (sjå figur 33). Laget var veldig synleg i profil 1 (nordvest), men noko meir uryddig i profil 2 (sørvest) og i profilane 3 og 4 (søraust og nordaust). I profil 2 er også ei tynn svartare kollinse under dyrkingslaget. I delar av profil 4 er det ikkje skille mellom matjord og dyrkingslag. I profil 3 er det berre eit mindre felt av dyrkingslag som er synleg, og om det har å gjere med at dette er utkanten av lokaliteten eller om moderne dyrking har fjerna delar er usikkert, men det siste er nok mest truleg. Den vurderinga er basert på at det elles i området kan synast små restar av dyrkingslag, kor størsteparten er fjerna av moderne landbrukstiltak og infrastruktur. KP12 frå Profil 1 – vest vart sendt til analyse. Resultatet vart (90.8% sannsynlig) 3341 - 3087 cal BC (5290 - 5036 cal BP) – neolitikum. Dateringa er gjort frå eit brent hasselnøttskal frå profil 1. Det er ikkje observert fleire distinkte fasar av dyrking her, men kollinsa i profil 2 har andre eigenskapar enn laget i dei andre profilane. Det er ein moglegheit at det er spor etter anna type aktivitet, eller anna fase.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/265810
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1921086&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2019
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.886W, 62.810S, 6.887E, 62.810N); Aukra