Dyrkingslagslokalitet, Kjøde

Dyrkingslagslokalitet registrert i samband med detaljregulering for Stad skipstunell. På 202/5 og 202/1 vart det opna totalt 14 sjakter, der seks av desse var funnførande. Desse seks sjaktene (1-6) utgjer lokalitet 4. I lokaliteten er det funn av dyrkingslag, nokre stader einfasa, og nokre stader er laga fleirfasa. Lokaliteten ligg på ei flate om lag 14-18 moh.

Terrenget går bratt ned mot fjorden i søraust, og i nord går det bratt opp mot vegen som går til tuna i kring. Mot sør vart det opna åtte sjakter til (7-14), alle desse var utan funn. Desse sjaktene er grunne, stort sett 20-40 cm djupe. Dei negative sjaktene er prega av graving av dreneringsgrøfter i moderne tid, og det kan ha vorte fjerna matjord der sjaktene 10-14 ligg. Massane verkar å vere forstyrra der. Nordaust for lokaliteten, rett over eigedomsgrensa til gbnr. 203/1, vart det ikkje gjennomført maskinell sjakting i denne registreringa. På denne teigen vart det grave av Universitetsmuseet i Bergen i samband med utgraving av ID. 223926 i 2020. Det vart opna tre sjakter der (sjakter 70016-70018), utan funn av førhistoriske spor (Dahl 2022:93). Desse tre sjaktene vert rekna for å vere avgrensande i nordaustleg retning.

Sjakt 3 I sjakt 3 vart det registrert fem lag som er tolka for å vere spor etter førhistorisk aktivitet. Massane er 0-16 cm torv og matjord (L1), 16-31 cm lysebrun til grå humus (L2), 31-36 cm trekolhaldig, svart lag (L3), 36-55 cm gammal torv, raudbrun humus (L4), 55-66 cm mørkebrun siltig sand (L5), 66-71 cm trekolhaldig, svart silt (L6), 71-82 cm mørkebrun siltig sand med lyse flekkar (L7), 82-110 cm gråbrun sand som er undergrunn (L8). Det kom opp svært mykje vatn frå undergrunnen, noko som gjorde dokumentasjonen svært krevjande i denne sjakta. L3-L7 er tolka for å vere førhistoriske dyrkingslag.

Frå den nordaustlege profilen i sjakt 3, vart sendt inn ei trekolprøve til C14-datering. Prøva har vorte sendt til C14-datering, men resultatet er framleis ikkje kome attende (30.03.2023).

Sjakt 5 I sjakt 5 var det registrert fleire lag. Sørleg profil har vorte dokumentert. Massane er 0-17 cm torv og matjord (L1), 17-24 cm trekolhaldig, svart siltig lag (L2), 24-44 cm mellombrun, siltig humus (L3), 44-53 cm trekolhaldig, svart silt med rotne trebitar i (L4), 53-66 cm gråbrun sand som er undergrunnsmassar. Det kjem opp så mykje vatn frå undergrunnen at det er krevjande å dokumentere sjakta. L2-L4 er tolka for å vere førhistoriske dyrkingsspor.

Det vart teke ut ei trekolprøve frå denne profilen i sjakt 5, som vart sendt til C14-datering. Prøva har vorte sendt til C14-datering, denne resulterte i ei datering frå yngre bronsealder (Betanr. 660319: 1130-972 cal.BC).

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/298110
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2815918&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.454W, 62.007S, 5.455E, 62.007N); Stad