Amalie gruve

Ho var ei av Straumsvassgruvene der det vart teke ut kopar. Her var gruvedrift i 1844-1850 av Sætersdalens Kobberværk ved konsul Reinhardt. Koparsona vender nord-sør. Dei koparførande pegmatittgangane er avdekka 200 m bortover med grøfter og skjeringar. Nokre stader er kopargangane fylgde gjennom skjeringar, andre stader er det sprengde ned djupe sjakter. Dessutan går det ein stoll frå aust til midt i gruvefeltet som går vidare gjennom ein slepsynk og opp til ei skjering. Nå er dei gamle skjeringane og grøftene heilt attgrodde. Smelteomnen stod i Åraksbø.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/221709
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=146784&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2016
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.743W, 59.116S, 7.745E, 59.118N); Valle