Rabben 2

Rabben 2 er eit busetjing- og aktivitetsområde der delar av aktiviteten er datert til folkevandringstid. Lokaliteten består av blant anna ei kokegrop, fleire steinsettingar, eit kulturlag og fleire kolflekkar som til saman utgjer ti enkeltminne. Det er henta ut ei datering frå kulturlaget, som er datert til folkevandringstid, 427 - 574 cal AD.

Lokaliteten ligg i vestleg del av ein flat terrasse som i dag blir brukt til slåttemark. Mot nord ligg ei lita forhøgning av graskledd berg, før terrenget fell bratt ned nokre meter og deretter på nytt flater ut. Mot sør stig terrenget og blir meir ujamt. Mot aust heldt terrassen fram før den heller nedover mot ein grusveg. I vest skjer ein anna grusveg gjennom terrenget, og denne har truleg endra terrenget slik det er i dag. I dag er difor enden på lokaliteten brått broten av ein liten dupp i terrenget som truleg er grunna nyare drenering og veg-grøft. Lokaliteten ligg fint til i vestleg ende av terrassen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/330271
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3199881&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2025
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.477W, 61.372S, 5.478E, 61.372N); Fjaler