Dyrkingslaglokalitet påvist med maskinell sjakting i samband med reguleringsplan for Mo, hausten 2023.
Dyrkingslaget er påvist i alle fire profilar i dei to sjaktene innanfor lokaliteten.
I den daterte sjakta (4.13 i rapporten) er profilen totalt 250 cm høg, og stratigrafien er som følgjer:
L1 15 cm torv
L2 15-36 cm matjord
L3 36-75 cm lysebrun, trekolspetta siltig sand med mykje smøstein i
L4 75-102 cm gråbrun, trekolspetta, sandhaldig silt med mykje småstein i (DL)
L5 102-131 cm grå- og oransjeflekkete, heterogen, trekolspetta silt (DL)
L6 132-137 cm grå, myrhaldig silt
L7 137-155 cm myrmasse
L8 155-195 cm myrmassar med svært mykje røter i
L9 195-210 cm kvit silt
L10 210-250 cm grågrøn, fuktig silt
Det vart sendt inn ei dateringsprøve (305090VP43) frå eit av dyrkingslaga i profilen. Dette var L4, og prøven var henta ut på 117-127 cm djupne. Prøven resulterte i ei datering attende til folkevandringstid (Betanr. 684146: 591-660 cal.AD).