Staden vart synfart 08.11.2024. Lausfunnet vart gjort i masser som vart lagt på staden som var til overs etter påbygging av huset. Funnstaden er ein svak haug med lausmassar på berg. Søk med metalldetektor på området gav utslag, men berre spiker, bruskorker etc vart funne. Fleire prøvestikk vart óg grave, men det vart ikkje observert spor av gamal aktivitet i prøvestikka. Massane besto av matjord på skogsbunn som låg på berg.
Tolkning er at sverdet kjem frå massar som vart lagt på staden når sjølve hovudhuset vart oppført tidleg på 1900-talet.