Brandal har vore eit senter for ishavsfangst sidan 1898. Ishavsmuseet Aarvak vart etablert i 1981 for å ta vare på gjenstandar, bilete og annan dokumentasjon knytt til denne næringa. Sentralt i samlinga står ishavsskuta «Aarvak» frå 1912.
Det var Henrik Landmark (1928-1998) som stod bak etableringa av museet, og som leia det fram til han døydde.
I 1998 vart museet flytta til større lokale; ei sjøbu frå 1950. Her vart det bygd opp nye utstillingar og laga til forsamlings- og møtelokale. I 2009 vart det sett opp eit vernebygg over ishavsskuta «Aarvak».
Museet har også teke over eit naust, Bakkenaustet. Bakkenaustet er frå 1800-talet, og inneheld ein færing, ein trerøring og reiskap og utstyr til fiske. Også Brandal motorverkstad, som mellom anna overhala båtmotorar og smidde hakapikar, er i dag eigd av Ishavsmuseet.