Seim

Fett skriv i gjennomganen at her låg større hauger, Fk. 4 - til Fk. 6. Fk. 4. Haug, rydda før 1887, etter Bendixen jamstor med Fk. 6, dvs. ein 15 l/2 m i tvm. Her var tre haugar (4-6 ) låg i rekkje O - V langs kanten av den flate vollen ved vatnet, FK 4 lengst vest. I 1902 fekk Håkon Shetelig ingen informasjon om om funn, men Bendixen høyrde tale om funn i frå denne haugen, då han var her i 1887. I Hovudkatalogen til Bergens Museum er det ført inn i samband med funn B 3191: "Sammesteds ligger tre gravhauger, desse må vera haugane Fk 4 - 6. For å skaffe stein til en hus bygging, vart den eine haugen halvt utjamna 1877. Den var dekka av matjord, under var det større stein, desse låg over ei kjerne av grus. Under dekket kom eit lag av trekol, jord og brente bein. Her fann dei nåla." Desse opplysningane tyder på at B 3191 høyrer til grava som haugen vart reist over. Om haugane Fk. 5 og 6 ligg det føre såpass god informasjon at B 3191 ikkje kan vera frå nokon av desse. Fk. 5. Haug, rydda rett før 1902, den låg mellom haugane Fk. 4 og Fk. 6 og etter Bendixen var haugen ein 18,5 m i tverrmål og 2,3 m høg. Haugen var alt når Bendixen var på staden skadd. Ved kanten såg Bendixen ei helle, 1,07 x 1,50 m. Han meiner og at haugen til liks med Fk. 4 og Fk. 6 var bygd av sand, Haugen har ut i frå dette hatt sanddekke, området er rikt på sand. Eigaren fortalde Shetelig i 1902 at haugen eigentleg var ei stor steinrøys, som hadde eit mannslangt gravkammer med reiste heller, men det var ingen oldsaker i haugen." Fk. 6. Haug denne låg ved låven på bnr. 2, lengst aust i rekkja av haugane Fk 4 - Fk. 6, Haugen var 15,5 m i tvm., 2 m høg. Haugen var mykje skadd då heile den øvre delen var køyrd bort og i frå nord til sør var det gjort små innhogg, like til botnen. I søre kanten var det funne eit "Spjut", I Museet sin protokoll er det truleg B3230 ei vevskeia. I 1902 vart haugresten utgraven (Haakon Shetelig) og sidan utjamna. Øvre delen av haugen var sand, som dekte ei jordblanda røys, bygd av storfallen brotstein, kjernerøysa var omlag 8 m i tverrmål og 1,50 meter høg. På botnen av røysa var det spreidde trekolbitar, like eins over og mellom steinane. Litt sør for midten av haugen var ei grop, 1 meter vid og 10-20 cm djup, denne var fyllt med svart, trekolblanda jord. Truleg ei båltomt (kokegrop), men ikkje gravlegging. Like under grastorva heilt ute i haugkanten beint søraust for midten, fann dei i 1904 ei lita kiste av 4 kantsette heller, 70 x 50-60 x 65 cm, med ei helle over, sett ned på den naturlege grusbotnen. Her låg B 5873 i ein dunge brende bein, leirkrukka var kvelvd over dei. Funnet er ei mannsgrav, brent frå omlag 300-400 eKr. Kista stod ei tid i musehagen, Bergens Museum.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/324046
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3092389&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.697W, 60.570S, 6.698E, 60.571N); Voss