Øvre Sæla lok.4

Lokaliteten ligg på ei hallande flate. Terrenget hallar nedover mot søraust og Førdefjorden. Den består av ein funnførande sjakt (sjakt 3), som inneheld fleirfasa dyrkingslag. Laget er typologisk datert til førreformatorisk tid. Sjakta er 19 meter lang, mellom 2.6 og 5,7 meter bred og opptil 1.3 meter djup. I nordleg og midtre del av sjakta er den relativt grunn, mellom 20 til 40 cm djup. Undergrunnen her er laus gul sand og grus med mykje stein. I denne delen av sjakta vart det funne ein del moderne porselen og keramikk, samt nedgravingar og veiter som vart tolka for å vere moderne.

Omtrentleg 6 meter inn i sjakta frå søraust går terrenget bratt nedover mot søraust. Her vart det observert dyrkingslag. Det ligg dyrkingslag mellom 30 og 106 cm djupne.

Den er avgrensa med negative sjakter mot nordvest og nord. Mot sør og sørvest er det byggefelt, infrastruktur og som avgrensar lokaliteten. Lokaliteten ligg mellom 44 og 49 m.o.h.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/323890
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3089271&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.681W, 61.500S, 5.681E, 61.500N); Sunnfjord