17 Havnen

Feltarbeid: Lokaliteten vart registrert ved prøvestikk i 1989 (Bjørgo 1989) og vart forundersøkt i 1991 (Bergsvik 1992). Stratigrafi: Lokaliteten har vore brukt i løpet av 8 ulike busetjingsfasar, og bortsett frå fase 1 er alle representert med kulturlag. Stratigrafien var vanskeleg å tolke. Samanhengande stratigrafiske horisontar vart ikkje avdekka samtidig som utgjorde eit problem. I alt vart det definert 69 lag på lokaliteten (strukturer unntatt). Faseinndeling: Seinmesolittisk tid (fase 1,2a og 2c), tidlegneolittisk tid (fase 4) eldre bronsealder (fase fem) førromersk jernalder (fase 6) og romartid (fase 7). Dateringane er basert på typologiske element i funnmaterialet, stratigrafiske observasjonar og C14-dateringar. Funnmateriale (B-14604): Totalt antal funn på lokaliteten var 53020. Både eldstadar, spor etter veggar og golv vart funne. Fase 7 frå eldre jernalder er representert med ei kokegrop og det som moglegvis kan vere ei grav. (Sjå Bergsvik (2002) for meir informasjon)). Funnareal: Ca. 300 kvm.Tilstand: Lokaliteten ser ut til å vere lite forstyrra av moderne inngrep. - Bjørgo, T. 1989. Innberetning vedr. hovedplan for fastlandssamband til Ytre Bremanger. Riksveg 616 HP 1, Langesi - Oldeide. Upublisert rapport i topografisk arkiv. Bergen Museum. Universitet i Bergen. - Bergsvik, K. A. 1992. Innberetning for arkeologiske undersøkelser i 1991 i forbindelse med justert hovedplan for RV 616, HP 1., Langesi – Oldeide. Forundersøkelse og registreringar ved Skatestraumen. Bremanger kommune, Sogn og Fjordane. Upublisert rapport i topografisk arkiv. Bergen Museum. Universitetet i Bergen.
- Bergsvik, K.A. 2002. Arkeologiske undersøkelser ved Skatestraumen. Bind I. Arkeologiske avhandlinger og rapportert frå Universitetet i Bergen -7. Bergen Museum. Universitet i Bergen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/162672
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=133630&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2013
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.224W, 61.876S, 5.225E, 61.877N); Bremanger