Bussevika

Namnet Bussevika kan referere til norske havgåande fartøy frå mellomalderen, såkalla busser. Det er derfor ikkje utenkjeleg at busser vart trekte på land i Bussevika i vinterhalvåret. Funn av store og gamle lunnar samt eit kleberkar underbyggjer tolkinga. Det er ikkje uvanlig å finne handelsvarer som kleberkar i samband med naustområder der ein har arbeidd med skipa. Kleberkaret er av ein type som er kjend på Vestlandet frå 1050-1300 talet. Det føreligg og opplysningar om det kan ha vore to kleberkar som er funne i Bussevika. Under ryddingsarbeid på Kirkjeneset vart og eit kleberkar, samt to klåsteinar funne. Frå skriftlige kjelder kjenner me at Eindride Erlendson og Erlend Eindridesson dreiv med handel her på 1300 talet. Handel før 1300 talet kan ikkje utelukkas.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/135165
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=123224&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2010
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.092W, 61.119S, 5.093E, 61.120N); Solund