Under sjakting vart det avdekka ein struktur tolka som ein eldstad. Eldstaden er datert til 22-206 cal. AD Eldstaden er 100x70cm, svært kolhaldig, men berre svakt synleg. Massane består av svart og mørkebrun silt med store kolbitar og nokre forvitra stein. Det vart funnen eit bit med slagg i toppen av eldstaden, men det er usikkert om dette kan knytast til strukturen. Sjakta vart opna på ein liten topp der berg stikk opp i dagen. Eldstaden ligg i fuktige massar i ein sprekk i berget. Om lag 3-4 meter aust for eldstaden vart det sjakta fram ei kisteveite.