Uten navn

Lokalitet 298534 er ein dyrkingslokalitet funne i sjaktene 65 og 68. Det vart tatt ei dateringsprøver frå kvar av sjaktene. I sjakt 65 er dyrkingslaget som følger: Fargen vekslar frå lysebrun til mørkebrun. Heilt øvst er det ein horisont med veldig mykje trekol, men det er også trekol i resten av laget. I sjakt 68 er dyrkingslaget som følger: Grå, feit, sandhaldig silt med trekol. Homogent lag utan stein. Dateringsresultata gjer at tolkinga av laget i sjakt 65 som eit fossilt dyrkingslag frå førromarsk jarnalder består. Den høge alderen i dateringsresultatet frå laget i sjakt 68 gjer at tolkinga som fossilt dyrkingslag fell bort. Det er meir truleg at dateringa viser til aktivitetar som har skjedd i området i seinmesolittikum. Det vart ikkje funne littisk materiale i samband med gravinga av sjakt 68. Det vart heller ikkje vart søkt aktivt etter dette.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/298534
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2832472&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.427W, 62.022S, 5.428E, 62.022N); Stad