Gjerstadholmen ligg i Saulevika i Tromøysundet, ved brua til Tromøya. Holmen er romsleg og har eit flatt område på sørsida. Båtar og folk på sørsida av holmen er ikkje synlege for folk som går forbi i sundet på nordsida, noko som gjer dette til ein stad der ein tidlegare kunne vere i fred, med lite innsyn. Sørsida av holmen har svært gode stader å leggje til, som er skjerma frå alle sider.
Gjerstadholmen var ein viktig samlingsplass for båtreisande på Sørlandet. Her kunne dei ligge godt skjerma frå både vêr og folk, og slappe av med sine eigne. Det var plass til mange folk og båtar, med gode hamneforhold, og ei romsleg slette på sørsida av holmen der dei kunne samlast. Her kunne reisande bli liggjande i lengre periodar.
Det er eit minnesmerke over båtreisande på holmen; ein plakett festa i fjellet med teksten:
«FANT – BÅTREISENDE – ROMANIFOLKET
Et folk som danset under stjernene, reiste på hav og langs veiene.
Et folk som brente i hjertene, delte gleder, sorger og smertene.
Kun hos sine egne følte de fred, myndighetene prøvde å legge dem ned.
De hadde sine egne lover og språk, de gnistret i øynene mot samfunnets åk.
På sletter og holmer de tente sine bål, sang viser og tok seg en skål.
Et fritt folk med tred og egne tradisjoner, men likevel hatet av mange nasjoner.
Dikt av Øivind R. Holanger
Minnesmerke reist av LC Tromøy i samarbeid med LOR og Tromøy Historielag
7.juni 2014»
Minnesmerket på Gjerstadholmen viser den viktige rolla denne staden har spelt for mange av dei båtreisande. Dei har truleg sett på dette som ein stad der dei kunne slappe av og vere seg sjølv, utan innblanding frå omverda. Det var òg kort veg inn til Arendal herfrå, slik at dei lett kunne få tak i det dei trong.